Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Teknikar Tore Lie framfor maskina som produserer desinfeksjonsmiddelet

Har starta produksjon av desinfeksjonsmiddel i Høyanger

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 25. mars 2020

«Desinfeksjonsmiddel ut til folket», tenkte firmaet Anolytech Norge då koronaviruset med stor smittefare råka landet vårt.

No jobbar dei med å produsere og leggje til rette for at folk i nærområdet vårt skal få tilgang til gratis desinfeksjonsmiddel.

Det var avisa Firda som først omtalte «minifabrikken» til Anolytech i Høyanger. 

På førespurnad til Hjetland Industripark om dei kunne nytte delar av den gamle Fundo-fabrikken, fekk dei eit spontant ja. Dei hadde først planar om å leige lagringsplass hos dei, men då krisa råka landet vårt, byrja dei å tenkje i nye baner.

– Vi hadde utstyret og kunnskapen som skulle til, så det var berre å sette i gang produksjonen, fortel Jon Bolstad, styreleiar i Anolytech Norge, til Ytre Sogn. 



– Som eit bidrag til den nasjonale dugnaden vil vi gjerne bidra med gratis desinfeksjonsmiddel til alle som vil ha.



Dette er ikkje eit kommersielt produkt, men noko firmaet gjer for å hjelpe i ein kritisk situasjon der apotek og daglegvarehandelen er tomme for desinfeksjonsmiddel. Det er likevel nokre reglar som må følgjast før produktet kan komme ut til folk. Dei jobbar no på spreng for å få alle papira i orden slik at dei kan byrje med utdeling.



I mellomtida går produksjonen for fullt i Høyanger, slik at ein er i førekant av etterspurnaden når styresmaktene gjev klarsignal om at det kan delast ut. Det tek teknikar Tore Lie seg av. Sidan førre måndag har dei allereie produsert 4000 liter konsentrat, som skal tynnast ut til den styrken som høver til bruken det skal ha.
 


Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Nyleg innkome emballasje i 2,5 og 5 liters kanner.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord