Har seld 21 tomter i Stordalen


Fem år etter at hyttefeltet i Bjørkelia i Stordalen stod klart, er 21 av 36 tomter selde.

Bjørkelia hyttegrend sett frå nedsida.   Bjørkelia hyttegrend sett frå nedsida.

– Vi er godt nøgde med salet av tomter. Spesielt dei første par åra gjekk det mange, slik at det finansierte heile utbygginga. Vi slapp å ta opp lån. Men også dei siste åra har salet gått bra, slik at hyttebygginga har kunne skje i eit passe jamt tempo. No i vår, til dømes, har vi seld to, sjølv om det normalt er om hausten vi sel mest, seier Oddvar Østerbø, styreleiar i Østerbø grunneigarlag, til Ytre Sogn.

Sidan feltet i Bjørkelia i Stordalen var ferdig regulert og opparbeidd for fem år sidan er 21 av dei i alt 36 tomtene no selde.

–Totalt snakkar vi om investeringar på rundt 30 millionar kroner i feltet, hyttene medrekna. Per i dag er det hytter på 14 av dei 21 tomtene, seier Østerbø.

Flesteparten av kjøparane er heimehøyrande i nabofylket i sør, i hovudsak frå Bergen og omegn. Grensa til Hordaland fylke – og Masfjorden kommune – går berre eit par kilometer nedanfor

Ser nordover

– Stadig fleire ser at Stordalen kan vere eit vel så godt alternativ for å byggje hytte, som meir kjende Myrkdalen og Kvamskogen, seier han og peikar på at avstanden er omtrent den same, men at det er mindre trafikk oppover til Stordalen.

Til Voss må dei ofte liggje i kø.

– Frå Bergen tek det rundt ein time til Matre og nye 20 minutt opp til Stordalen. Det er ikkje lenger enn at det ikkje krev planlegging lang tid i førevegen å reise på hytta, seier Østerbø.

Han peikar også på at det ikkje er like tett mellom hyttene i Stordalen, som til dømes i Myrkdalen. I Bjørkelia kan hyttene vere inntil 120 kvadratmeter store.

–Plasseringa oppe i lia, med utsikt nedover dalen, var også grunnen til at vi valde å leggje hyttefeltet til nettopp Bjørkelia. Området er, som namnet tilseier, omgitt av bjørkeskog. Det gjer at du ikkje har kjensle av å vere for tett innpå naboen, sjølv om hytta ligg midt i eit felt.

Det er heller ikkje til å komme vekk i frå at også prismessig kjem Stordalen gunstigare ut.

– Så det er nok fleire grunnar til at dalføret veks i popularitet, trur Østerbø.

Les meir i papirutgåva