Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

Berre i Høyanger kommune er det no samla inn vel 1300 underskrifter mot vindkraftutbygging, noko Einar Rysjedal (biletet) er godt nøgd med.

Har samla inn 1300 underskrifter mot vindkraft

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 30. september 2019

I løpet av få veker er det samla inn 1300 underskrifter mot vindkraftutbygging berre i Høyanger kommune. – Over all forventning, seier Einar Rysjedal til Ytre Sogn.

Saman med Vegard Hellem representerer han Høyanger i Informasjonskomitéen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger.

– Då vi starta oppropet i slutten av august sa eg at om vi fekk inn 1000 underskrifter, ville det vere eit tydeleg uttrykk for folkemeininga i kommunen. No som den er ferdig sit vi med rundt 1300, og det er over all forventning, seier Einar Rysjedal til Ytre Sogn.

Når også underskriftene i dei tre andre kommunane er talde opp håpar han at dei er oppe i 4000 totalt. Dei vil no bli sendt som høyringsuttale til Olje- og energidepartementet, til liks med dei andre som kjem inn til Nasjonal ramme for vindkraft på land. Høyringsfristen går som kjend ut 1. oktober.

I oppropet heiter det blant anna at «Vi vil ikkje at vindkraftanlegg skal øydelegge naturlandskap, miljø, friluftsliv og allemannsretten i fjella våre. Dei betyr mykje både som rekreasjonsområde for menneska og som leveområde for dyr, fuglar og planter» og «Høge vindturbinar, omfattande veganlegg, fleire overføringslinjer og koplings-/trafostasjonar, blir så dominerande og skjemmande at vi ser det som øydelegging. Fjellområda våre har ein større og vidare verdi, enn det som kan målast i pengar slik kilowattimar kan».

Les meir i neste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord