Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Siste veka har innslaga til 17.mai-sendinga blitt spelt inn rundt om i kommunen. Her er vi på Kyrkjebø skule, der korps og drill har teke oppstilling framfor kamera. (Begge foto: Anita Nordheim)

Har reist kommunen rundt for å spele inn 17.mai-innslag

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. mai 2020

– Sjølv om 17.mai blir annleis i år, trur eg vi skal få til ei flott markering av dagen likevel, seier Anita Nordheim til Ytre Sogn.


På grunn av koronasituasjonen, med avgrensingane det set for kor mange som kan samlast, har Høyanger kommune bestemt seg for å ha ei digital markering av 17.mai. Difor har ein også brukt siste veka på å filme innslag frå ulke bygdelag i kommunen, som vil bli strøyma på nasjonaldagen
.

– Eg trur også det blir kjekt for dei ulike bygdene å få vist fram tradisjonane sine på 17.mai, til dei andre, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse, til Ytre Sogn.


Ho er også prosjektleiar for det heile.



Fleire bygder


Dei sit no med innslag som viser alt frå kransenedlegging i Lavik, til barnehageborn i tog i Bjordal.


– Vi er jo også korpskommunen framfor nokon. Så det vil bli innslag med alle sju korpsa våre i den time lange sendinga på nasjonaldagen, seier Nordheim. 
I tillegg kjem dei til å ha nokre direkteinnslag frå sjølve dagen.


Ho legg til at dei gjerne skulle hatt med innslag frå alle bygdene i kommunen.
-

Men vi har vore nøydde til å gjere eit utval, ut ifrå ressursane vi har hatt, seier ho.


Bygdene som det blir innslag frå er difor Søreide, Bjordal, Lavik, Vadheim, Kyrkjebø, Høyanger og Nessane. 



Stiller opp


Ho kan fortelje om ei fantastisk mottaking overalt.


-Folk har stilt velvillig opp når vi har teke kontakt, sjølv om mesteparten av opptaka har måtte foregå på ettermiddag- og kveldstid. Dei har likevel møtt opp i uniformar og bunader, med instrument og flagg. Så det har vore veldig kjekt, seier ho.


Sendinga vil bli vist på kommunen si facebook-side. Det vil også vere mogleg å gå via Ytre Sogn sin nettportal.

Det er Høyanger-bedrifta OnCue som er teknisk arrangør. 


—Det betyr at vi får ei sending med lyd og bilete av høg kvalitet, og som vi no gler oss til å vise, seier Nordheim.


17.mai-tog på Nessane blir også å sjå i den time lange sendinga.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord