Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Det over 150 år gamle kvernhuset er no tilbake nedanfor gardane på ytre Berge, rett over fylkesveg 55 ved Nordeide. Nyleg var (f.h.) Gaute Ljotebø og Anita Nordheim for å sjå på det, i lag med byggmeister Arle Nyborg-Christensen og eigarane Edvard Anders Berge og Siv Maren Hetle.

Har rehabilitert 150 år gamalt kvernhus

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. juni 2019

– Vi håpar at det kan vere til inspirasjon for andre som vurderer å setje i gang med liknande prosjekt, seier Anita Nordheim og Gaute Ljotebø i Høyanger kommune om arbeidet som no er gjort med det over 150 år gamle kvernhuset på ytre Berge.

Om ikkje lenge skal nemleg kommunen sin kulturminneplan rullerast, og då vil dei gjerne ha innspel til andre kulturminne som ein meiner bør vere med i den.

Viktig bidragsytar

Kvernhuset på ytre Berge – rett over fylkesveg 55 ved Nordeide – er blant dei vel 20 prioriterte kulturminna som allereie er med. Og nettopp det har nok vore medvrkande til at eigaren har fått tilskot til å rehabilitere det, trur både kommunalsjef Anita Nordheim og lokalhistorikar Gaute Ljotebø, som nyleg var oppe og såg på kvernhuset, saman med eigane Edvard Anders Berge og Siv Maren Hetle og byggmeister Arle Nyborg-Christensen.

– Sjølv om kommunen ikkje har særleg midlar til privateigde kulturminne, så kan vi bidra på andre måtar, blant anna når det gjeld å utarbeide søknader om tilskot frå andre, seier Nordheim og viser til at det finst ei heil rekkje tilskotsordningar.

– Søknaden må blant anna innehalde framdriftsplan og kostnadsoverslag – i tillegg til ein beskrivelse av kulturminnet. Det er med andre ord ein omstendeleg prosess. Og i den samanheng har det også vist seg å ha betydning at objektet er med på lista vår over prioriterte kulturminne. Vi kan såleis vere ein viktig bidragsytar likevel, slik at dei som har eit objekt dei vil rehabilitere kjem i gang. Elles brukar vi også ressursar når planen skal rullerast, slik at eventuelt nye kulturminne blir tekne inn. Det skal vi jo i gang med no, seier ho

Tilskot på 100 000

Det over 150 år gamle kvernhuset som no er rehabilitert tilhøyrer garden Ytre Berge, som har fem bruk. Alle desse hadde kvernhus knytt opp mot Ytrebergselva, men berre dette eine frå 1800-talet står att.

– Vi hadde eit ønske om å ta vare på det for ettertida, og byrja planlegginga for to år sidan. Og i fjor haust kom omsider byggmeister Arle Nyborg-Christensen og henta kvernhuset for å ta det i frå kvarandre, og bytte ut råtne delar. Og no er det sett opp att, seier Edvard Anders Berge om kvernhuset som vart nytta til å male korn som vart til mjøl brukt i hushaldninga på garden han kjem frå, til å lage brød, flatbrød og graut av ulike slag.

I tillegg mol dei også malt av korn som var nytta til ølbrygging. Han fortel at tilsaman har det kosta 183.000 kroner å rehabilitere, og dei har fått tilskot som har dekka over halvparten.

– Vi fekk 65.000 kroner frå Kulturminnefondet og 32 5000 kroner i SMIL-midlar, ei anna offentleg tilskotsordning, og det at kvernhuset er prioritert i kulturminneplnanen har nok også medverka til det, trur Berge.

– Slike tilskot løyser ut mange gode prosjekt. Det er ikkje sikker alle hadde gjort det, om dei ikkje hadde fått det, nikkar Nyborg-Christensen.

Innspel frå Nessane

Berge kan fortelje at sjølv om kvernhuset no er rehabilitert, er dei ikkje i mål.

– Neste prosjekt vert å rehabilitere kvernkallen, det vil seie det som driv kvernsteinen inni huset. Men det blir utan vassrenne, seier han.

Det vil kome på rundt 60.000 kroner, og søknad om tilskot vert no utarbeidd – igjen med bistad frå kommunen. Ifølgje han som bistår med det, historikar Gaute Ljotebø, er dette truleg siste fullstendige kvernhuset som er att på Kyrkjebø. Det var i bruk fram tid 1945.

– Elles i kommunen finn vi dei på Hellebø, Lavikdal, Massnes og Sørebø, seier han.

Både han og Nordheim håpar no at det eigarane av kvernhuset på ytre Berge har fått til kan vere til inspirasjon for andre som vurderer å gjere liknande.

– Difor vil vi også ha innspel på andrekulturminne som bør inn i planen som vi skal rullere seinare i år, og dei vil vi ha innan 1. juli. Før den tid har vi også planar om eit møte på Nessane, slik vi hadde i dei andre bygdelaga då vi starta arbeidet med kulturminneplanen. Dei blir snart del av kommunen vår, og då er det også viktig at vi får innspel om aktuelle kulturminne der, seier Nordheim.

Neste prosjekt vert å rehabilitere kvernkallen – det vil seie akslingen som overfører vassenergien til kvernsteinen – i det gamle kvernhuset.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord