Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

For å ha godt sal av lesestoff er det viktig at magasin og bøker er fint utstilt og lett tilgjengelege for kunden, seier Javier Guzman, som har overteke drifta av Narvesen-kiosken i Høyanger mellombels.

Har overteke drifta av Narvesen

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 27. august 2018

– Eg tok over drifta mellombels for to veker sidan, og kjem til å vere her i Høyanger så lenge det er behov, seier kjøpmann Javier Guzman frå Arnatveit utanfor Bergen til Ytre Sogn.

På vegne av Reitan Convenience, som er eiger Narvesen-konseptet, har rekrutteringsselskapet Randstad jobba i seks månader med å finne ein ny franchisetakar til å ta over drifta av kiosken i Høyanger permanent. Dette har ikkje lukkast til no, så fram til det er på plass vil den bli drifta av 53 år gamle Javier Guzman, som også driv Narvesen på Åsane senter.
– Eg har vore i serviceyrket i over 35 år, og kan dette. Men for ein som ikkje har så mykje erfaring frå denne bransjen kan det nok vere utfordrande, på grunn av den harde konkurranse. Eg har sjølv drive Narvesen i Åsane i fem år no, og det er ikkje lett. Ein må følgje med og vere «på hogget» heile tida når det gjeld å tore å fornye seg, prøve og satse, seier han til Ytre Sogn.

Tøff konkurranse

I tillegg til langopne matbutikkar har Narvesen dei seinare åra også fått konkurranse innanfor spel.
– Det er stort sett vaksne og pensjonistar som kjem innom oss for å spele Lotto eller levere tippekupongen. Etter at det vart opna for andre spelaktørar vel dei unge å bruke anten data eller mobil til dei ulike spela. Så konkurransen har blitt veldig tøff, og skal vi klare framleis å levere på spel må vi angripe dei plattformane.
– Vi kjem også til å bevege oss meir over på matsida, med sal av blant anna mellommåltid og gjerne litt sunnare alternativ, seier han.
Narvesen byrja med sal og distribusjon av lesestoff, noko som framleis er hovudproduktet deira.
– Eg har gode salstal på lesestoff på kiosken eg driv i Åsane, og grunnen til det trur eg kjem av at det er oversikteleg og godt tilgjengeleg for kunden, noko som er veldig viktig. Samstundes må ein halde seg oppdatert både på magasin- og bokfronten, og vere fleksibel i høve etterspurnad frå kundane.

Sal av varmmat

I Høyanger blir det helger og spesielt søndagar dei kjem til å satse på. Sal av mat som til dømes pizza, pølser, hamburgar og bakevarer blir ein viktig del, fortel han.
– Etter at eg tok over kiosken for to veker sidan bestemte eg meg for å ha varmmaten tilgjengeleg frå vi opnar til vi stenger, i tillegg til gode prisar. Det førte til meirsal og ein auke på over 140 prosent, noko eg er svært nøgd med, fortel Guzman.
– Korleis blir elles varesortimentet i kiosken?
– Vi har retningslinjer å forholde seg til som drivar av Narvesen, men ein skal også kunne tilpasse seg litt etter lokale forhold. Så i Høyanger legg eg opp til at kiosken i tillegg til søtsaker og anna snacks skal ha eit godt utval av mat og lesestoff – og ein god kopp kaffi.
Guzman kjem til å vere i Høyanger så lenge det er behov og det ikkje går utover drifta i Åsane.
– Men eg er heldig som har flinke tilsette både der og her i Høyanger, så dette skal vi få til, seier han og smiler breitt.
Utanom han har kiosken i Høyanger tre tilsette, og alle har vore der tidlegare.

Lærerik prosess

Etter to år med kioskdrift i Høyanger sentrum valde Ann Kristin Hukset frå Høyanger å takke for seg.
– Det har vore ein fin og lærerik prosess, der eg har fått erfaring eg ikkje ville vore forutan. Men det er meir ein livstil å drive ein butikk når den tek 24 timar av døgnet. Eg ønskte meir tid til barna og mannen min, og difor valde eg å slutte, seier ho til Ytre Sogn.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord