Har oppklara hærverk i Høyanger kyrkje


Politiet i Høyanger har no oppklara hærverket som vart gjort på Høyanger kyrkje i mai i fjor.

Blant anna vart fleire av dei små vindauga i glasmåleriet, som også er kyrkja si altertavle, knust.

– Etterforsking på staden, saman med vitneskildringar av ein mogleg gjerningsperson, gjorde at vi tok ein person inn til avhøyr. Denne tilstod etter kvart å ha utført hærverket. Dermed reknar vi saka som oppklara, og det er no opp til juristane våre om det blir teke ut tiltale mot vedkommande, seier politibetjent Frida Vefring ved Høyanger lensmannskontor til Ytre Sogn.

Kyrkjeverje i Høyanger, Bjørnar Otterstein, seier til Ytre Sogn at han er nøgd med at politiet ikkje gav opp saka, men jobba vidare med den heilt til dei fann gjerningsmannen.

– Det er ikkje gitt at denne type saker blir oppklart, så her vil eg berømme politiet i Høyanger. Så står det att å sjå om vi no får tilbake dei 40.000 kronene vi har kravd for skadene kyrkja vart påført, seier han.