Har kjøpt tidlegare Vadheim Dampbakeri


Sven Bork i Bork Feriehäuser har inngått avtale om kjøp av tidlegare Vadheim Dampbakeri.

– I realiteten er det tomta eg har kjøpt. Bygget er i ein slik tilstand at det ikkje er noko å ta vare på, etter å ha stått tomt i alle fall dei siste 15 åra. Difor kjem eg til å rive bygget som står på tomta i dag, for å setje opp nytt, seier Sven Bork til Ytre Sogn.

Planen er å leige det ut til turistar, slik han også gjer med Kaihuset rett ved, som stod ferdig renovert i 2015 med fire leilegheiter.

Han fortel at han gav 600.000 kroner for bygget i Vadheim sentrum, som tilhøyrde Ytredal Holding. Med riving av bygg og klargjering av tomta reknar han imidlertid med å kome oppe i rundt éin million kroner.

– Med eit nytt bygg på tomta snakkar vi nok om fem millionar krone totaltr. Det skal også innreiast med møblar og anna utstyr, samt ha eigen kai med båt, seier Bork, som enno ikkje har bestemt om det blir éinebustad eller to leilegheiter,

– Det eg veit er at det skal passe inn i bygningsmiljøet rundt, som består av fine, gamle trebygg, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!