Har inngått ny, fireårig kontrakt med Ramco


- Kontrakten er med og gir kontinuitet ved anlegget vårt på Kyrkjebø, og er difor viktig for oss.

Det seier marknadsdirektør Geir Kvalheim i SafeClean om kontrakten dei nyleg har inngått med Ramco Norway. 


Kontrakten gjeld i hovudsak røyrspyling, det vil seie fjerning av lågradioaktivt avfall i kontaminerte røyr, som vert nytta i produksjon innan olje og gassindustrien. 


- Kontrakten er ei forlenging av den vi inngjekk med Ramco for fire år sidan, og gjeld i fire nye år, seier Kvalheim til Ytre Sogn.


I dag utgjer denne type oppdrag mellom 5 og 10 prosent av porteføljen deira. Dei er hovudsakleg for Ramco. Men framover kjem dei til å satse på fleire kundar, noko som heng saman med at dei investerer i nytt røyrspylingsanlegg på Kyrkjebø. 
Ifølgje Kvalheim er anlegget bestilt, og vil bli montert i løpet av hausten. 



- Det vil gje stor auke i kapasitet samanlikna med anlegget vi har i dag, i Høyanger. Ja, vi kan nok gange den med ti. At denne kontrakten kjem samtstundes med at vi skal ta det i bruk er stas, seier Kvalheim og viser til at det vert investert ein del millionar kroner i det nye anlegget.

Les meir i siste Ytre Sogn!