Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

I dagens kulturminneplan ligg det inne fire særskilt prioriterte kulturminne, blant anna Byporten i Høyanger (bak). - Kor vidt eit eller fleire av forslaga vi no har fått inn kjem inn blant dei står att å sjå, seier Anita Nordheim i Høyanger kommune til Ytre Sogn

Mange innspel til kulturminneplanen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. august 2019

Kapteinsgården i Måren, Gamlevegen i Lavik og Hovlands kafé i Vadheim er blant innspela som har kome inn i samband med at Høyanger kommune sin kulturminneplan no skal rullerast.

Tilsaman har dei fått inn ni ulike forslag til kulturminne som bør inn i planen, som no skal rullerast. Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse er veldig øgd med responsen.

– Vi ser at dette er noko som betyr mykje for folk rundt om i kommunen. Dei ser på kulturminne som viktige, og er opptekne av at dei blir tekne vare på, og løfta opp, seier ho til Ytre Sogn.

Og ikkje noko gler ho meir enn nettopp det.

– Då vi laga den første kulturminneplanen for fire år sidan var vi opptekne av involvering, og difor hadde vi fleire møte rundt om i bygdelaga i kommunen, der alle fekk kome med innspel. Vi meinte at det var ein god måte å jobbe på, og det kan sjå ut som om det var rett, når vi ser på talet på forslaga som no har kome, og breidda i dei, seier Nordheim.

Både enkeltpersonar og foreiningar som står bak dei innkomne forslaga.

Dei er:

* Bispestova i Lavik

* Gamlevegen i Lavik

* Gamlestova og kvernhus på Sørebø

* Hovlands kafé i Vadheim

* Krigsarkiv på Norevik

* Vadheim Elektrochemiske Fabriker

* Avistrykkeriet i Vadheim

* Kapteinsgården i Måren

* Gamlevegen utanfor tunnelen i Høyanger

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord