Har fått 250 000 kroner i tilskot til ungdomshelse


Helsestasjonen til Høyanger kommune har fått 250 000 kroner i tilskot frå Helsedirektoratet, til prosjektet Tema ungdomshelse. Det handlar blant anna om å vere meir tilgjengelege for ungdom, fortel leiande helsesøster Elisabeth Sæbø til Ytre Sogn.

På statsbudsjettet for 2018 er det løyvd vel 300 millionar kroner til denne tilskotsordninga. Til saman har dei fått inn 322 søknadar, og av desse har 288 fått innvilga tilskot – blant dei Helsestasjonen til Høyanger kommune.
– Vi sendte inn søknad i desember med utgangspunkt i at vi har for lite tilgjengelege helsesøsterressursar rundt om på skulane i kommunen. Denne har vi no fått no har innvilga og har fått eit tilskot på 250 000 kroner til prosjektet vi har kalla Tema ungdomshelse, seier helsesøster Elisabeth Sæbø til Ytre Sogn.

Psykisk uhelse
Ho seier at tilskotet dei har fått er viktig i høve til arbeidet dei ønskje å gjere for – og saman med – ungdom.
– Slik det er i dag ser vi at det er ei auke av psykisk uhelse, der ungdomar kjem med mange ulike problemstillingar. Så vi ser at det er eit behov for at vi er eit lågterskeltilbod som dei kan oppsøkje. Det skal vere lett å spørje om hjelp. Det er viktig at vi er til stades når ungdomane bankar på. Viss ein ikkje er der – eller dei får beskjed om å kome tilbake om ei veke – så gjer dei som regel ikkje det, seier Sæbø.
– Dei har gjerne teke mot til seg for å kome innom oss, legg ho til.

For lite ressursar
Ho fortel at dei har seks skular i kommunen som dei skal nå over; Høyanger skule, Kyrkjebø skule, Vadheim skule, Lavik skule, Bjordal skule og Høyanger vidaregåande skule.
– Med 2,7 årsverk helsesøster tek det ressursar slik at vi ikkje klarer å følgje retningslinjene for å vere tilgjengelege på skulane. Vi er langt mindre til stades enn det vi kunne ønskje - og det rettleiaren vår seier. Totalt sit vi to-tre timar i veka på skulane i Høyanger, ein gong i veka i Lavik og berre ein gong i månaden på Kyrkjebø, i Vadheim og Bjordal. Dette er alt for lite, og har ført til at fleire av skulane no etterlyser at helsesøster er oftare tilgjengelig, med open dør-funksjon. Så dette med å vere meir tilgjengeleg for ungdommen er noko vi sjølvsagt ønskjer å gjere noko med, fortel Sæbø.

40-50 % stilling
– Men for å få alt dette til er vi avhengige av å få ein person i ei 40-50 prosent stilling som kan jobbe spesifikt med prosjektet. For vi som allereie er på Helsestasjonen har ikkje meir kapasitet, noko som er grunnen til at vi søkte om tilskot. Vi har eit klart ønskje og mål om å jobbe førebyggande, særleg med tanke på utviklinga vi har sett i nærmiljøet i Høyanger siste tida, blant anna i form av hærverk . Så gjennom prosjektet vårt er målet å ha meir tilgjengeleg helsepersonell på skulane, der vi også vil jobbe meir direkte mot rusførebygging i klassane. Men vi ønskjer også å vere til stades etter skuletid, der vi er ute på ungdomen sin arena, til dømes på ungdomsklubb og bibliotek, med temakveldar innan helse, mat og liknande, seier Sæbø-

Fleire aktørar
Tilskotet dei får er ein eingongssum, som dei har eit år på å innrapportere om dei har greidd å nå måla sine. Ho påpeiker at ikkje alt er lett å måle.
– Men vi jobbar parallelt med fleire aktørar i kommunen, og håpar at vi også får med andre, som til dømes folkehelsekoordinator og miljøarbeidarar,og at vi kan jobbe i lag med dei instansane, seier Sæbø.