Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Denne veka blir den nye kalkomnen til Kvernsteinsparken i Hyllestad ferdig. Det har gått med heile 3000 dugnadstimar på å få den til. F.v.: Kjell Magnar Myklebust, Leif Akse og Per Storemyr.

Unik kalkomn i Hyllestad

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 30. august 2018

Etter at kalkomnen til Kvernsteinsparken i Hyllestad vart skadd etter berre ei brenning i 2017, valde dei å byggje den om. Denne veka blir den nye kalkomnen ferdig, og det har gått med heile 3000 dugnadstimar på å få det til.

Totalt har dei vore 15 personar som har jobba med det.

– Kalkomnen vart bygd i 2017, men etter berre ei brenning vart han så skadd av den høge varmen at han måtte byggjast om. Men no etter ombygginga skal omnen tole mange brenningar, og kunne produsere brentkalk til restaurering av Norge sine gamle steinbygningar, seier ein ivrig geoarkeolog, Per Storemyr, til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord