Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

På tradisjonsrike Nesheim camping i Bjordal håpar dei på godt turistbesøke etter at grensene i Europa vart opna 15. juli

Håpar på godt besøk etter grenseopninga

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 16. juli 2020

Etter fleire veker med stengte grenser i Europa kan innbyggjarar i 25 land i EU – og Schengen-området igjen reise til feriedestinasjonar i Norge utan restriksjonar.

-Foreløpig har vi ikkje hatt den heilt store pågangen av førehandsbestillingar etter grenseopninga, men vi håpar at det kjem fleire etter kvart. Det seier innehavar av Nesheim camping i Bjordal, Jon Nesheim til Ytre Sogn.

Nesheim fortel at det så langt har vore færre besøkande og at dårleg vêr er noko av årsaka til det.
-Dette er fordi norske turistar reiser etter vêret, som er ulikt frå dei utanlandske turistane. Dei kjem hit for å blant anna oppleve friluftsliv med fiske, fjell – og breturar – uansett vêr.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord