Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

I løpet av sommaren håpar Idar Kollsete (t.v.) og Jon Erik Holme at det igjen skal vere folk på hotellterrassen i Høyanger sentrum.

Satsar på å kome i gang med pubdrift i sommar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 11. mai 2020

Dei nye hotelleigarane satsar på å kome i gang med pubdrift med servering både inne og ute allereie i sommar.

– Vi ønskjer ikkje at bygget skal stå tomt for lenge. Med beliggenheit midt i sentrum skal det vere liv i det. Difor håpar vi å kunne opne pub’en igjen i løpet av sommar, det vil seie juni-juli, med servering både inne og ute. Sjølve lokala er det lite som må gjerast med. Men vi må sjølvsagt ha nødvendige løyve på plass, noko vi allereie er i dialog med kommunen om, seier Jon Erik Holme og Idar Kollesete til Ytre Sogn. 



Og pub’en skal framleis heite Joss. 



– Vi må også finne lokale drivarar, og har allereie nokre følarar ute. Men det er først no vi kan leggje meir trykk på det, legg dei til.


Det er var nemleg fredag at dei to – saman med den tredje nye eigaren Leiv Dag Hollekve – formelt overtok det tradisjonsrike hotellet i Høyanger. Samstundes brukte dei helga til å sjå nærmare på kva dei må gjere med bygget og leggje planar for den framtidig bruken.


Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord