Handballmoro for store og små


Fredag var det handballens tid i Høyangerhallen, og både spelarar, familie og vener stilte opp for å delta.

Det er alltid litt ekstra trøkk den første kampen, lyder det frå høgtalarane når spelarane går ut på bana for å spele handballdagens opningskamp. Og trøkk blei det då jenter 12 møtte eit lag som bestod av både familie og venar som stilte opp i Høyangerhallen fredag 29. desember. Kampen enda til slutt 12-8 til jenter12, men det var ingen sure miner å sjå på verken bana eller tribuna. Vidare gjennom dagen blei det spelt heile 10 kampar med handballag med alle aldrar, erfaringar og relasjonar. For tilskodarane på tribuna var det ekstra moro å sjå ei felles idrettsglede då spelarane møtte motstandarar som sjeldan hadde vore nær ein handball!

Journalist: Espen Bakketun

Les meir i Ytre Sogn fredag