Handballjenter med tæl


Med fantastisk innsats og tæl skaffa J13 laget seg full pott i dei to kampane mot Sogndal og Sogndal 2 i helga. Sogndal vart slått 12-11 og Sogndal 2 15-9.

Trenar for jente 13-laget, Britt Stølen sa før kampane mot Sogndal at jentene verkeleg måtte stå på for å få poeng. Laget stod heilt utan poeng etter dei tre første seriekampane, men responsen frå jentene i kampane mot Sogndal må trenaren vere godt nøgd med.

Les meir om kampane i Ytre Sogn tysdag

J13 har vunne sin første kamp for sesongen og jublar etter siger 12-11 mot Sogndal