Hanadi og Mohamad inviterte til syrisk kafé


– Vi har lyst til at endå fleire skal bli kjende med mattradisjonane i landet vi kjem, seier Hanadi Alzekr og Mohamad Diaa Alsoufi.

Sist helg inviterte det syriske paret til kafé på Vadheim skule, og mellom 40 og 50 personar møtte opp for å smake på ulike rettar frå landet dei forlet for nokre år sidan. Og nett som spanjolane har sine tapas, har folk i Syria og andre land i Midtausten sin meze, det vil seie mange smårettar som er laga for å delast. Og på langbordet stod alt frå fattoush, som er hakka salat med sprøtt pitabrød, til kibbeh, som er fritert bulgur med kjøtdeig inni.

– Nokre av rettane er også brukt i kjøkenet i andre land rundt Syria, som Tyrkia, Libanon, Irak og Jordan. Andre igjen er meir lokale, det vil seie frå området vi kjem frå. Layali Lubnan, til dømes, som er ein semulepudding, er typisk for Homs, byen vi kjem frå, seier Hanadi.

Det syriske kjøkenet er fullt av smak, gjerne med aromatiske krydder, som allehånde, pepper, spisskummen, korianderfrø, kanel, nellik og muskatnøtt.

– Men det er sjeldan at maten er sterk, seier ho.

Nøgde gjester


Det var ho som hadde laga all maten som vart servert i Vadheim denne laurdag ettermiddagen, og hadde brukt heile veka på å førebu dei .

– Eg er veldig glad i å lage mat, ikkje minst når vi kan dele med andre. Det å sitje i lag rundt bordet, bli kjende med folk - og mat. Det betyr mykje, seier ho.

Mohamad nikkar.

– Vi har laga syrisk mat for norske vener tidlegare, i heimen vår i Vadheim. No hadde vi lyst til å dele med endå fleire, seier han, som assisterte ho på kjøkenet, både heime og på skulen.

Og blant dei mange som hadde funne vegen til skulen laurdag ettermiddag var paret Hilde Ullebø og Mohannad Thabyan frå Høyanger. Ho fortel at ho sjølv har lært seg å lage maten frå heimlandet hans, og at dei et det fleire dagar i veka, saman med norsk mat. Og ho tykkjer det smakar fantastisk.

– Måten det er krydra på er vel største forskjellen på det syriske og det norske kjøkenet. Det har jo så mange smakar! Og så består det gjerne i mange smårettar, som ein deler. Så då vi tilfeldigvis høyrde at det skulle vere syrisk kafé her i dag, måtte vi ha det med oss, seier ho.