Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Olav Angell Vågan kom seg i god behold ut av rasområdet. No åtvarar han andre mot å gå der. (Foto: May Britt Eide)

Olav (74) opplevde raset på nært hald: – Hadde englevakt

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 9. september 2020

Olav Angell Vågan (74) gjekk tur på turvegen utanfor Sandvika då steinane buldra ned frå fjellsida.

Raset skal vere rundt 100 meter breitt, og har gått på gamlevegen på nedsida av Kvernhaugtunnelen, rett vest for Høyanger.

Livsfarleg

– Eg høyrde det buldra. Eg sprang fem meter, men så måtte eg berre kline meg innåt murveggen og håpa på det beste, fortel Vågan.

– Det var eit sekund der eg trudde at eg ikkje kom til å verte meir enn 74 år, held han fram. Vågan kom seg heldigvis i god behald ut av rasområdet.

No åtvarar han andre mot å gå der.

– Det er såpass mykje ras som går der at det er faktisk livsfarleg. Det fekk eg bevis på i dag, seier Vågan som seier at han vart noko skjelven etter den dramatiske hendinga.

74-åringen seier at han truleg aldri kjem til å gå same turen etter den dramatiske hendinga.

Lotteri

– Det var reine lotteriet. Eg må sei at det var ei ekkel oppleving. Lengre inne så for det ein stor stein som for rett på sjøen. Eg trur ikkje at eg kjem til å gå der meir, seier han.

Olav Nordgulen, leiar for drift og vedlikehald i Høyanger kommune seier at rasområdet er stengt av.

– Det kunne ha gått gale med Vågan. Heldigvis er ikkje nokon skada av raset, seier han.

Nordgulen meiner at det aldri er heilt trygt i området der raset gjekk. (foto: Olav Nordgulen)

– Det er eit velkjent rasområde, det er difor vi har tunnel. Om ein skal gå på turvegen så er det på eige ansvar, legg Nordgulen til.

Geolog skal etter planen vere på plass i morgon.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord