Hagelag brenn for nærmiljøet


Kyrkjebø hagelag brenn for nærmiljøet, men slit med å få støtte til arbeidet dei gjer. Torsdag møttes dei til kranselag på Kunst/Handverksrommet på Kyrkjebø skule.

Ytre Sogn møter nokre av medlemmane på Kyrkjebø skule, der dei er i gang med kranselag og juleførebuingar. Formålet med kvelden er eit sosialt og hyggeleg møte der medlemmane kan bruke sine kreative evner. Arbeidslysta er det ingenting å seie på, og dei muntre damene har med seg kjempegod gløgg og nybaka bollar. Praten går jamt og i takt med lim-pistolen som får køyrt seg. På bordet ligg alt til rette for at jula skal bli fin i år også.

Les meir i Ytre Sogn tysdag