Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mars 2019
Ytre Sogn 25. mars 2019

Hæhre Entreprenør skal ha oppgraderingsarbeidet i den 1,6 kilometer lange Vadheimstunnelen.

Hæhre Entreprenør skal oppgradere Vadheimstunnelen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. mars 2019

Hæhre Entreprenør har fått jobben med å oppgradere Vadheimstunnelen, med eit tilbod på vel 49 millionar kroner.

Det var imidlertid ikkje lågaste tilbodet.
– Det lågaste tilbodet vart imidlertid avvist, fordi dei ikkje oppfyllte alle krava i anbodsdokuemnetet. Difor vart Hæhre Entreprenør, som hadde det neste lågaste tilbodet valt. Og dei startar opp den 25. mars, seier Sveinung Hovland i Statens vegvesen til Ytre Sogn.
Tilsaman fekk dei inn seks tilbod på jobben med å oppgradere tunnelen på austsida av Vadheimsfjorden, som varierte mellom 45,9 og 64,9 millionar kroner.

12 månader
Hæhre Entreprenør er del av BetonmastHæhre, som er blant landets største entreprenørverksemder. Dei held til på Austlandet, nærmare bestemt i Vikersund i Buskerud, men har jobbar over heile landet. Jan Lima i Hæhre Entreprenør seier til Ytre Sogn at dei er nøgde med å ha fått ein ny, stor jobb i Sogn og Fjordane.
– Det er nokre år sidan førre gong. Vi må vel åtte-ni år tilbake, då vi fekk jobben med å oppgradere Gullringentunnelen i Luster. Sidan hadde vi Naustbukttunnelen i Årdal. Så det passar oss bra å få maskiner og folk i arbeid i fylket igjen, seier Lima.
I utgangspunktet vil jobben i Vadheimstunnelen ta rundt 12 månader.
– Det vil seie at vi har til februar 2020 å bli ferdige.Men vi håpar sjølvsagt å vere ferdige tidlegare, seier Lima.

Skilta høgde
Jobben i tunnelen går mellom anna ut på å fjerne nokre tronge punkt, slik at ein får ei høgde på 4,2 meter gjennom heile. I dag har den nemleg ei skilta høgde på 4,0 meter, som byr på utfordringar for tungtrafikken.
Det er heller ikkje havarilommer i tunnelen. Difor skal det no byggjast ei havarilomme midt i tunnelen, saman med eit nytt teknisk bygg. Tunnelen er, med lengda si på 1,6 kilometer , nemleg for lang til å nytte eit teknisk bygg i eine enden.
Det kjem også nytt, komplett lysanlegg.
Elles vil det også bli gjort litt vatn- og frostsikringsarbeid i tunnelen. I dag kjem ein del vatn inn i i tunnelen, på Hovden-sida, når det er store nedbørsmengder. Det renn innover i tunnelen og samlar seg opp enkelte plassar.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord