H og Sp ville utsetje vindkraftsaka


Både H og Sp gjekk inn for å utsetje å kome med ein uttale til nasjonal ramme for vindkraft på land til neste kommunestyretmøte den 19.september. Men det var ikkje dei andre partia med på.

– Saka er viktig for kommunen, på lang sikt. Men det er for lite utgreidd. Difor ber vi om at den blir utsett til neste kommunestyremøte i september. Fram til då inviterer kommunen til møte med grunneigarar og innbyggjarar som kjem innanfor skissert areal. Med det vil kommunestyret få eit betre grunnlag for å gjere vedtak om ein skal seie nei til alt, eller om det kan opnast for utbygging i eit avgrensa område. sa Oddvar Østerbø (H).

Neste kommunestyremøte er 19. september.

Geir Helge Østerbø (Sp) støtta framlegget.

- Høyringsfristen er 1.oktober, og det er ikkje så mange som les den uttalen vi kjem med i dag før den tid. Eg meiner vi skal vise såpass respoekt overfor innbyggjarane i alle delar av kommunen, at vi tek oss tid til å høyre kva dei meiner før vi tek ei så viktig avgjerd, sa han.

Det fekk Einar Rysjedal (Raudt) til å reagere.

- Denne saka er veldig godt opplyst. Saka dreiar seg om kor vidt våre areal skal liggje inne som del av nasjonal ramme, og heile utgreiinga frå NVE ligg ute. Elles fløymer også media over av diskusjonsinnlegg om saka, og idet har også vore veldig sterkt initiativ frå lag og organisasjonar i kommune. Så eg tykkjer grunnlaget kommunestyret har for å ta ei avgjerd er veldig godt, sa han.

Sissel Sørebø (KrF) var heller ikkje med på å utsetje saka.

- Eg ser ikkje grunn til å utsetje den. Vi må kunne jobbe på to plan, sa ho før det vart røysta over utsettingsframlegget.

H sine to representantar og Sp sine fem representantar røysta for, medan Ap, Raudt og KrF røysta mot. Dermed fell H sitt framlegg.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!