Lokale nyhende frå Ytre Sogn 21. oktober 2018
Ytre Sogn 21. oktober 2018

– Dette blir eit veldig flott galleri, er Anita Nordheim og Arild Gjelsvik i Høyanger kommune einige om. Her står dei nede i første etasje, der ein legg opp til å ha ulike samkomer - i lag med skiftande utstillingar.

Galleriet tek form

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. mars 2018

– Det er kjekt å sjå endringane i bygget omtrent frå veke til veke, seier Anita Nordheim når ho og Aril Gjelsvik er innom det nye Gunnar S-galleriet i Byporten i Høyanger.

Byggjearbeidet starta opp i november, og allereie no – vel tre månader etterpå – byrjar det nye galleriet å ta form.

– Her, rett innanfor hovudinngangen, blir det ein arbeidsstasjon til den som er på jobb i galleriet. Og innanfor der att kjem eit lite anretningskjøken, der ein kan førebu matservering når ein har ulike samkomer i bygget. det kan vere opning av utstillingar, grupper som har møte eller anna, noko det vil bli lagt til rette for på andre sida, seier Anita Nordheim og nikkar mot byggdelen som vender mot husa i Hans Hygens gate.

Bygget har fått ei ny rominndeling, og i midten er det gjort klart for heis og trapper som vil binde dei to etasjane saman. Oppe i andre etasje blir det fast utstilling som viser arbeidet til den kjende Høyanger-kunstnaren Gunnar S. Gundersen. Nede i første etasje blir det skiftande utstillingar.

– Men i enkelte delar av bygget er det ope heilt opp. Det vil seie at ein kan stå oppe i andre etasje og sjå ned på det som føregår her nede, seier Aril Gjelsvik.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord