Gull til fotograf frå Brekke


Gøril Sætre frå Brekke mottok i helga gullmedalje og heiderleg omtale i Norges Fotografforbunds konkurranse.

Ho konkurrerte med 188 fotografar frå heile landet og rundt 1500 innsendte arbeid.

- Det er veldig kjekt å få gullmedalje for eit av bileta mine. Det er første gongen, og er vel ei stadfesting av at eg gjer ein ok jobb, seier Gøril Sætre og ler, tydeleg glad for utmerkinga.



Ho var også med i konkurransen i fjor, og då vart det hederlig omtale.



Sterkt personleg bilete


Gullmedaljen fekk ho for biletet «To say goodbye» og heiderleg omtale for «Lost in love». 
At det vart medalje av edlaste valør for nettopp «To say goddbye» var med litt blanda kjensler. Biletet viser nemleg bror og far hennar på dødsleiet til sistnemnde.



- Det gjer at det opplevest sterkt, i og med at det er så personleg, seier ho til Ytre Sogn.


- Samstundes er det han som no har sørga for at eg har fått denne gullmedaljen, legg ho til.

Det andre biletet, «Lost in love», viser eit brudepar.


- Eg reiser mykje omkring og tek bryllaupsbilete. Det bidreg også til at eg kan leve av dette, seier Sætre, som i år kan feire 10-år som fotograf, etter å ha teke bachelorgrad i faget i England. 

No er det imidlertid tilbake i Gulen, og har etablert seg med fotostudio i heimbygda Brekke. 



1500 innsendte arbeid

Norges Fotografforbunds landskonkurranse er open for medlemmer i Norges Fotografforbund og andre yrkesutøvande fotografar.

I 2020 kunne kvar fotograf sende inn så mange som 10 fotografi i 10 kategoriar; Reportasje, Klassisk portrett, Kommersielt, Familie/gruppe, Natur, Bryllaup, Nyfødd/baby, Barn, Kreativt portrett, Open klasse, i tillegg til Årets student/lærling. Fotografen med høgste poengsum blir Årets Fotograf NFF, og i år vart det Natalia Pipkina.



I alt 188 fotografar leverte inn nærmare 1500 arbeid til årets landskonkurranse, og det vart utdelt eit overveldande tal medaljar med 25 gull, 28 sølv, 88 bronse og 120 heiderlege omtalar, skriv forbundet i ei pressemelding. 



Den internasjonale juryen besto av juryleiar Jos Verhoogen (Belgia), Martina Wärenfeldt (Sverige), Martin Krystynek (Slovakia), Mikaela Holmberg (Finland), Andy Hens (Tyskland/Belgia) og Tiina Haring (Finland).


I år kan Gøril Sætre frå Brekke feire ti år som fotograf.

Ho fekk heiderleg omtale for «Lost in love»