Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. mai 2018
Ytre Sogn 20. mai 2018

Det nye visningssenteret på tusenårsstaden i Gulen, slik Cubus Arkitektfirma i Bergen har teikna det. 


Visingssenter
 er inne i budsjettet att

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. januar 2018

Gulating Visningssenter er igjen inne i langtidsbudsjettet til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er heilt fantastisk at visingssenteret no er inne att. Det betyr at om vi no får på plass resten av finansieringa, så kan det realiserast, seier Anne Hopland, dagleg leiar for Tusenårsstaden Gulatinget, til Ytre Sogn.
Visingssenteret har nemleg vore inne i langtidsbudsjettet før, men vart teke ut att då fylkeskommunen måtte gjere store innsparingar.
Dei siste åra har Gulen kommune søkt staten om investeringsmidlar utan å ha fått det, nettopp fordi Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje har vore inne med støtte til prosjektet. Den opphavlege planen var nemleg å opne senteret i samband med Grunnlovsjubiléet i 2014. Men så vart det altså teke ut av budsjettet.

Bygg til 75 millionar
Finansieringa av prosjektet, som er kostnadsrekna til 75 millionar kroner, er nemleg tredelt.  Det føreset av kommune og stat går inn med ein tredjedel kvar, medan fylkeskommunen også må ta sin del.

– Gulen kommune har sett av sin del for lenge sidan, og har elles lagt alt til rette for at det kan realisertast, seier ho, og nemner alt frå reguleringsplan til arkitektkonktkonkurranse. Sistnemnde var det Cubus Arkitektfirma i Bergen som vann, med forslaget «Gjennom Skaret».

– No kjem vi til å ha ein gjennomgang av heile prosjektet, og sjå på  føresetnader, løysingar og økonomiske vurderingar på nytt, for å vere sikre på at dei framleis stemmer. Det må vi bruke 2018 på. Samstundes må vi i dialog med staten med tanke på ny søknad om finansierng. Det må vi også byrje med no, om vi skal håpe på løyving i 2019, seier Hopland.

Tredobla besøkstal
Ho meiner at visingssenteret vil gje eit løft for turismen i regionen.
– Vi får ein ny, stor innandørsattraksjon, som gjer oss i stand til å ta del i veksten i turismen også i ytre delar av Sogn, seier ho og trekk fram det islandske firmaet Gagarin.
Dei har utvikla eit spennande formidlingskonseptet for senteret, der besøkjande blant anna vil kunne lære om kva Gulatinget var, og om retts- og forsvarsutviklinga i Norge.

– I fjor sommar gjennomførte vi teljingar for å sjå kor mange som besøkte tusenårsstaden i perioden mai-oktober. Dei viste rundt 10.000, som er mykje når ein tenkjer på at ein ikkje har nokon attraksjon som er innandørs. Det får vi no, og eg blir ikkje overraska om det vil kunne dobla, ja kanskje også tredoble, besøkstalet, seier Hopland.

– For ikkje å snakke om den auka verdiskapinga det vil tilføre regionen, i form av transport, matservering og overnattingar, legg ho til.

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord