Gudstenestene kjem digitalt i påska


Kyrkjene i Høyanger og Bjordal er blant dei som overfører fleire gudstenester på nett i påska. 


Som andre har også dei måtte tilpasse kvardagen sin til koronapandemien og restriksjonane den medfører, blant anna når det gjeld å store forsamlingar.



- Vi har måtte stenge ned mykje av aktiviteten vår, blant anna gudstenester. Men vi kan ikkje la det hindre oss i å utføre oppgåvene våre, som akkurat no er å få ut bodskapen i det som er viktigaste høgtida i kyrkjeåret, nemleg påsken. Difor bestemte vi oss for å overføre gudstenestene på nett, seier kyrkjeverje Bjørnar Otterstein i Høyanger til Ytre Sogn.



To kyrkjer


Dei kjem til å streame gudstenester frå begge sider av fjorden; Skjærtorsdagsgudsteneste frå Bjordal kyrkje, Langfredagsgudsteneste frå Høyanger kyrkje, Påskenattsgudsteneste frå Høyanger kyrkje og 1. påskedagsgudsteneste frå Bjordal kyrkje.


Otterstein fortel at det trengst ein del ressursar får å gjere dette, både når det gjeld personell og økonomi. Både prestar, kantor, kyrkjetenarar og sekretær er involvert, i tillegg til kyrkjeverja sjølv.



- Vi har også måtte leige inn firma til ta seg av kamera, lyd og lys, men til ein god pris, seier han og håpar at mange vil tykke at det er verdt å få med seg.



Dei har allereie hatt første gudstenesta si på nett; palmesøndagsgudstenesta frå Høyanger kyrkje. Og det gjekk bra, fortel han.



- 67 personar var innom, som er fleire enn det som pleier å vere på ei ordinær gudsteneste, seier han.



Håpets dag


Og denne veka blir det altså høve til å få med seg nye gudstenester. Andreas Ester skal ha to i Høyanger kyrkje, og Geir Sørebø dei to i Bjordal kyrkje. Sistnemnde fortel til Ytre Sogn at det blir relativt korte gudstenester, med salmar og tekst for dagen.



- Dei er naturleg å knyte opp mot det vi no opplever, seier Sørebø, med henvising til koronapandemien. 



- Påskedag, som handlar om oppstandelsen, er jo håpets dag. Då vil eg blant anna snakke om det å halde fast på håpet i tider der mykje kan virke håplaust, seier han.



Om det å halde gudstenester på nett seier han at det også kan vere noko for kyrkja å ta med seg inn att i ein normalsituasjon, ikkje minst stader der ein bur litt meir grisgrendt.



- Det å prøve nye kommunikasjonsmiddel gir oss også ei fin utfordring. Vi, som andre bedrifter i krisesituasjonar, blir nøydde til å tenkje i nye baner, seier Sørebø. 


Dei som vil ha med seg gudstenestene på nett finn lenke på heimesida deira, www.hoyanger.kyrkja.no, eller på facebook-sida deira, Kyrkja i Høyanger.

- Vi, som andre bedrifter i krisesituasjonar, blir nøydde til å tenkje i nye baner, seier Geir Sørebø om at gudstenestene denne påska vert overført på nett.