Grønli er ny leiar i IL Høyang


Reidar Grønli overtek leiarvervet i IL Høyang etter Svein Arne Høyheim. Grønli blir også leiar for fotballgruppa. Det siste skapte det vesle som var av debatt under idrettslaget sitt årsmøte.

Det var leiar for turngruppa, Elisabeth Sæbø som tok til orde for at ho var prinsipielt ueinig i at leiaren for hovudstyret også skulle vere leiar for ei av undergruppene. Ho presiserte at dette ikkje hadde noko med Reidar Grønli personleg å gjere. Svein Arne Høyheim bad Sæbø om å røyste ut ifrå det, og ho valde då å røyste imot Grønli som leiar for fotballgruppa. Ho var imidlertid den einaste som røysta i mot. Dermed er han vald til ny leiar både for IL Høyang i eitt år og fotballgruppa i to år.

Grønli meiner sjølv at det er viktig å ha på seg den rette hatten til ein kvar tid, slik at ein representerer begge gruppene ein er leiar for på ein god måte.

–Eg forstår Elisabeth Sæbø, og ein skal ikkje sjå bort i frå at eg ønskjer å få inn ein vara som kan vere med på hovudstyremøter som representant for fotballgruppa. På den måten blir habilteten ivareteken, og sørger for ei kjensle av rettvise, seier den nye leiaren i IL Høyang, som meiner at det einaste som kan vere eit problem er arbeidsmengda.

– Gaper ein over for mykje kan det bli halvgjort, seier Grønli, som ser fram til leiarjobben i klubben han brenn for.

Han overtek etter Svein Arne Høyheim, som har vore involvert i IL Høyang sitt arbeid på ein eller annan måte sidan 1976, og vart takka av med gode ord og blomar under årsmøtet.

Les meir om årsmøtet i Ytre Sogn tysdag!