Godt sommarbesøk i Høyangerbadet


Høyangerbadet melder om ein fin auke i besøkstalet i sommar.

Når vêret denne sommaren ikkje har vore det aller beste - og badetemperaturen ute i fjorden heller ikkje har vore særleg forlokkande – har mange vald å ta turen innom Høyangerbadet.

– I år har det vore mange familiar på besøk. Dei fleste er tilreisande frå andre stader i fylket, samt og Bergen. Frå slutten av juni og fram til no har vi hatt ei fin auke samanlikna med i fjor sommar, seier bademeister Sven Erik Lillehauge.

Positive tilbakemeldingar

Han seier at vêret har ein stor innverknad på besøkstala.

– Er det sol og fint ute kjem det færre innom. Men med ein våt og kald sommar, som den vi har hatt i år, vel mange å ta turen til Høyangerbadet. For nokre veker sidan hadde vi blant anna ein svensk familie innom på besøk, som fortalde at dei vart veldig imponert over det flotte moderne badeanlegget vi har her i Høyanger. Slike positive tilbakemeldingar set vi sjølvsagt veldig stor pris på, fortel han.

Vurderer opningstidene

Lillehauge fortel at dei neste år kjem til å vurdere badeanlegget sine opningstider, blant anna grunna det stadig aukande talet på tilreisande.

– Fleire av dei har køyretur på ein til to timar kvar veg for å kome hit. Då er opningstidene en viktig del for at også dei skal kunne ha moglegheit til å nytte seg av tilbodet i veka, gjerne etter endt arbeidsdag, og ikkje berre helgene, seier han til Ytre Sogn.