Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

Måndag markerte Høyanger kommune godkjenninga si som Trafikksikker kommune. Frå venstre Regionsleiar Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås, seniorrådgjevar Trygg Trafikk Vestland, Audun Heggestad, leiar for Trafikktryggingsutvalet og hovudutval for ferdsel og mobilitet i Vestland fylket Jannicke Clarke (Ap), ordførar i Høyanger Petter Sortland, rådgjevar Trygg Trafikk sentralt Anders S. Havdal og HMS og kvalitetssjef Toril Varden.

Høyanger er godkjent som «Trafikksikker kommune»

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 6. januar 2020

Måndag ettermiddag markerte Høyanger kommune godkjenninga si som «Trafikksikker kommune».

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning for kommunane utvikla av trygg trafikk, for å bevisstgjere kommunane på verdien av – og bidra til – eit systematisk trafikktryggingsarbeid på tvers av sektorane. Kriteria for godkjenning byggjer på eksisterande lovverk, og pålegg ikkje kommunane oppgåver utover dette, men er ei hjelp til å systematisere arbeidet.

-Heile prosessen starta eigentleg for mange år sidan, då vi blei godkjend som trygt lokalsamfunn. Og det at vi no er godkjend som trafikksikker kommune er ei vidareføring av dette arbeidet, som var – og framleis er – eit veldig spennande og kjekt lagarbeid, seier HMS- og kvalitetssjef i kommunen si tryggleiksgruppe, Toril Varden, til Ytre Sogn.

Politisk dugnad

Også ordførar Petter Sortland er svært glad for at godkjenninga som «Trafikksikker kommune».

-Vi hadde oppe sak om dette i kommunestyret 12. desember i fjor, noko som skapte stort engasjement, og der ein blant anna hadde ein god politisk dugnad med å få fram og identifisere trafikkfarlege område i heile kommunen, fortel han

Godkjenninga har ein varigheit på tre år, før den må resertifiserast.

Inkludert i prosessen

Arbeidet med å fylle kriteria for å bli ein «Trafikksikker kommune» starta hausten 2018, med ei trafikktryggleiksgruppe beståande av leiar drift og vedlikehald Olav Nordgulen, kommuneplanleggjar Synne Vefring, folkehelsekoordinator Kine Gunnarskog og HMS og kvalitetssjef Toril Varden.

Gruppa har fått rettleiing frå Audun Heggestad i Trygg trafikk om korleis ein skulle kome i gong med arbeidet. Andre lokale aktørar frå dei kommunale tenesteområda har systematisk vore inkludert i prosessen, og bidrege i det kommunale trafikktryggleiksarbeidet.

 

Les meir om markeringa i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord