Gode tilbakemeldingar på bok


Den tidlegare ferjematrosen Roald «frå fjorden» Øvreås har fått god respons på boka si «Da Gaor».

«Da Gaor» inneheld 100 historier om mykje og mangt der Øvreås tar tema «på kornet». I tillegg til eigne observasjonar frå tida som matros på ferjer i fylket er nokre av historiene i boka eit skråblikk på fenomen, samt aktuelle og uaktuelle saker som først vart publisert på Roald si facebookside gjennom fjoråret. Historiene blir alltid signert med den faste linja «Roald frå fjorden».

Skribenten har fått positive tilbakemeldingar strøymande inn frå nord til sør, og nokre av kommentarane som har kome via Facebook er med i boka.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!