God utvikling ved Hydro Høyanger


Hydro Høyanger leverte eit årsresultat før renter og skatt på 77 millionar kroner i fjor. Fabrikksjef Stian Tangen meiner pilene peikar i riktig retning.

– Rekordhøg metallproduksjon og gode resultat frå innfasinga av ny støypeteknologi er døme som viser at vi legg bak oss eit godt driftsår, seier Tangen når han oppsummerer 2016.

Årsproduksjonen i elektrolysen enda på rett over 65.000 tonn.

– I tillegg er eg veldig nøgd med at vi klarte å støype så mykje som 70 prosent av ordrane våre med den nye teknologien vi har vore pilot på å implementere. Dette representerer ei strategisk viktig endring for fabrikken vår, sidan vi no er i stand til å levere avanserte legeringar til bilindustrien, seier Tangen.

I fjerde kvartal viser selskapet sin rekneskap at Hydro Høyanger leverte eit overskot på 16,9 millionar kroner før renter og skatt. Tilsvarande resultat for tredje kvartal var om lag 1 million kroner høgare.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!