God sesong for Kviknes Hotel


-Slik det ser ut no blir dette ein god sesong, og eit veldig godt år for oss seier Kari Kvikne til Ytre Sogn. Som til dagleg er bookingansvarleg på Kviknes Hotel i Balestrand.

Familien Kvikne hatt vertsrolla på Kviknes Hotel gjennom fire generasjonar. Som med sine 190 rom er eit av Noregs største turisthotell. På hotellets gjesteliste finn ein tildømes kongelege, filmstjerner og presidentar frå mange land. -Vi har stort sett ganske bra med hotellgjestar, og det kjem turistar frå mange forskjellege deler av verden. I år har vi ein oppgang på 20 prosent frå i fjor. Og i juli var besøkstala 40 900, noko vi er svært nøgd med, seier Kari.

Allereie i gang med ny sesong
Med eit fullbooket hotell og mange feriegjester er det mykje å gjere. Men sjøl om det er travle dager, er ho grunna stor pågang allereie i gang med å førebu neste sesong.

Les meir i papirutgåva