Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. juli 2018
Ytre Sogn 20. juli 2018

Kyrkjebø skule- og ungdomskorps, Kyrkjebø Ungdomslags Songkor, drilljenter, aspirantar, solistar, konferansierar og dirigent Sjoerd Tolsma sørga for god, gamal Beatles-stemning i Kyrkjebø samfunnshus. (Foto Mohanned Galal)

Beatles-stemning på Kyrkjebø

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 30. april 2018

Ein fullsett sal fekk sjå ein flott Beatles-konsert i Kyrkjebø samfunnshus søndag ettermiddag. Saman med dirigent Sjoerd Tolsma losa konferansierane Tea Volle og Ellinora Ludwig dei frammøtte gjennom den timelange konserten.

Konserten var eit fellesprosjekt mellom Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Kyrkjebø Ungdomslags Songkor. Etter fleire prøvar og generalprøve var alle klare til å underhalde publikum med god musikk frå 60- talet.

Sjå utdrag frå konserten her;

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord