-Eg er ikkje sikker på kvifor eg vann pokalen, men eg trur det var fordi eg var best, seier ei svært glad Selma Dale (8) til Ytre Sogn.
Ho kom heile vegen frå Vindafjord i Rogaland for å vere med i tidenes første Hyllestad ponnishow. I alt seks unge ryttarar deltok i dei to klassene for dei yngste; rideklasse med leiar og mønstring for barn. Og Selma vann like godt begge. Her kan du sjå bilete frå showet!