Glad dei vart høyrde i ambulansesaka


-Eg er glad dei valde å lytte til argumenta våre, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland, etter at styret i Helse Førde har bestemt at ambulansetenesta i Lavik blir som før.

Han seier til Ytre Sogn at han hadde blitt veldig overraska om styret hadde bestemt seg for noko anna, etter at Helse Førde-direktør Jon Bolstad i si tilråding før styremøtet fredag gjekk inn for at ambulansetenesta i Lavik vart som før.

- Eg ser at mange av argumenta våre er brukte i sakshandsaminga deira, som at ambulansebilen i Lavik har ei strategiske plassering i høve til hovudferdselsåra E39, samt at den har ei tenleg plassering mellom sjukehusa i Førde og Bergen, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Viktige funksjonar

- Eit anna argument, som kanskje ikkje har vore like mykje framme, er konsekvensane det ville hatt for beredskapen på sørsida om ambulansen i Lavik hadde blitt flytta til Leirvik, som var eitt alternativ. Helse Førde antyda at sørsida då kunne overlatast til Gulen-ambulansen, som allereie slit med responstid i eigen kommune. Korleis ville det då blitt for sørsida? spør Sortland og peikar på at det tek ein time å køyre frå Oppedal i Gulen, ved kommunegrensa, og inn til Ortnevik.

–Så ambulansen i Lavik har veldig mange funksjonar. Difor har vi også heile tida vore klokkeklare på viktigheita av å behalde den, og er glade for at vi vart høyrde på det, seier Sortland.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!