Gjeld på 5 millionar kroner til Husbanken


Hyllestad Bustadstifting har ei gjeld på litt over fem millionar kroner til Husbanken. Det sa styreleiar Terje Eliertsen då han orienterte formannskapet om stoda.

No er det slik at stiftinga eig seg sjølv, men årsaka til at formannskapet fekk denne orienteringa er at det var Hyllestad kommune som oppretta stiftinga. Då er reglane slik at dei skal kome med tilråding når det gjeld  eventuell nedlegging.
–Mi vurdering er at det no er to moglege løysingar. Det eine er å selje heile bustadmassen vi rår over, eller behalde alt sjølv, sa Eilertsen. Å selje delar såg han på som lite aktuelt.
Totalt dreiar det seg om 21 husvære.

Refinansiering –Hyllestad Bustadstifting treng refinansiering, og det arbeidet tok styret til med for eit og eit halvt år sidan. Vi håpa på at Husbanken ville vere med, men dei sa nei. Då det ikkje gjekk prøvde vi å få selje husvære, det er det vi har brukt tida på, sa styreleiar Eilertsen i si orientering.
I vinter fekk dei selt eit husvære, men det var ikkje nok.
Husbanken sa altså nei til å vere med på ei refinansiering  for 1 ½ år sidan, men i ettertid har det kome signal på at dei kan vere med på ei refinansiering  dersom alle husværa er med
Han la til at det diverre ikkje hadde vore tid til å få taksert eigedommane.
Bustadstiftinga har totalt fire lån i Husbanken.
–Eg kan seie at vi har gjort alt vi kan, la Eilertsen til.

To  hus – Hatløy og Solstad her i Hyllestad  har kome med bod om at dei ønskjer å kjøpe to hus, bodet deira er på 2,4 millionar kroner.
Vidare har Hyllestad Bygg lagt inn eit bod på 5,2 millionar kroner. Dersom vi sel for den prisen kjem vi ut med gevinst.
Brødrene Jan Helge og Øystein Rikestad, som held til på Radøy, har levert eit bod på seks millionar kroner, då sit vi at med ein gevinst på 900 000 kroner. Dei to har planar om å opprette eit AS
Etter det bodet har Hyllestad Bygg varsla eit nytt bod på 6,1 millionar kroner, då blir gevinsten 1,1 millionar kroner.

90 prosent Det dreiar seg om totalt 21 husvære, og 90 prosent er opptekne. Akkurat no er det berre ledig eitt. I følgje Eilertsen kan det kome inn fleire bod. Dersom løysinga blir at ein vel å selje med gevinst vart det reist spørsmål om kva overskotet skal brukast til.
–Eg kan ikkje sjå at det skal bli noko problem, pengane skal vi alltids få brukt. Dei kan til dømes gå til lag og organisasjonar i kommunen utan at det så langt har vore  diskusjon om det. Dette  er i så fall eit gledeleg problem, meinte styreleiaren.
–Dei som eventuelt kjøper bustadmassen skal leige han ut, det same som kommunen gjer. Men det er vel eit mindre press på bustader no enn det var tidlegare, sa Randi Gåsdal, Ap.
Ho la til at ho ville gå inn for sal.

Meir gjeld – Eg må vedgå at eg trudde stiftinga hadde meir gjeld enn dette, sa varaordførar Geir Helge  Nordstrand, Høgre.
– Eg er ikkje særleg lysten på å selje no.
– Kommunen må påverke at ein får bustadstoda opp og går. Vi må ikkje gløyme at det er private som skal drive med dette, ikkje stiftinga. Ein må selje til den høgaste prisen som er mogeleg å få, sa rådmann Bente Nesse.
Leif Eide, Ap, sa at dei aktuelle kjøparane ville ruste opp husværa og få dei attraktive. Det meinte han var bra.
– Eg må få legge til at i tillegg til kjøpesummen må dei nok ut med ein relativ stor sum til vedlikehald. Også Eide signaliserte at han gjekk inn for sal.

Under tvil Ordførar Morten Askvik, Senterpartiet,  sa at dei tilrådde sal, men la til at dette ikkje var ei enkel sak.
Geir Helge Nordstrand, Høgre, avslutta debatten med å seie at dersom det kom inn høgare bod så kunne kanskje også han gå inn for sal.