Gjekk for medalje


Lisa Måren Løseth (15) blei nummer fire på 3000 meter kappgang under junior-NM i friidrett.

Høyang-jenta gjekk seks sekund fortare enn då ho vart nummer fem i seniormeisterskapen forrige helg.

-Eg er vel tilfreds med dette. Ny personleg rekord og ei bra NM-plassering, seier Lisa som nok ein gong var den yngste i feltet.

Siktar mot pallen

Framfor seg hadde ho ei jente på 17 år, ei på 18 år og ei på 19 år.

-Det kjem heile vegen nye til, men alt neste år håpar eg kunne vere på pallen, eller i alle fall mykje tettere på, seier Lisa til Ytre Sogn.

Ein av dei tre framfor ho er i alle fall senior til jul. I helga var det halvminuttet fram til nummer tre.

-Så fort er ikkje eg i stand til å gå no, men med litt fleire konkurransar og mykje trening i vinter er ikkje avstanden fram skremmande, seier Lisa etter 16.10,24.

Les meir i papirutgåva