Gir seg som kommunalsjef i Høyanger


Ingunn Indrebø gir seg som kommunalsjef i Høyanger, etter to og eit halvt år i stillinga.

Ho understrekar at det ikkje var eit lett val.


- Men det er eit personlig val eg tok, då eg fann det rett å gjere noko anna. Og då det vart lyst ut stillingar hos min tidlegare arbeidsgjevar, Helse Førde, gjorde det valet lettare, seier Ingunn Indrebø, som er frå Vadheim, til Ytre Sogn.


Ho byrja som kommunalsjef for helse og omsorg i Høyanger sommaren 2018.

No skal ho inn i stillinga som assisterande seksjonsleiar (sjukepleiar 1), og vere med og byggje opp ny sengepost innan sikkerheit/ psykose ved Psykiatrisk klinikk i Førde.

Der er ho på plass frå midten av januar.


- Så eg gler meg til å arbeide meir direkte med fag, seier Indrebø, men understrekar at ho har lært mykje av å vere i Høyanger kommune, og i stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg.


- Eg ønskjer den nye leiaren lykke til i stillinga, seier ho.