Gir seg som dagleg leiar


Etter snart ni år som dagleg leiar i Østerbø Maskin går Steinar Holen over i anna stilling i bedrifta.

Det gjer han etter eige ønskje.

– Det har vore spennande, lærerike, utfordrande og kjekke år som dagleg leiar i dette hardtarbeidande selskapet. Eg er stolt av det vi har fått til. Men no kjenner eg tida er inne for å late nye krefter ta over roret. Sjølv tek eg til i rolla som driftssjef og skal jobbe med leiing av større prosjekt mot kundar innan oppdrett og industri, seier Steinar Holen i ei pressemelding.

Bedrifta med avdelingar på Østerbø på Høyanger og i Sløvåg i Gulen har i dag omlag 30 tilsette.

Store ambisjonar

Bedrifta har store ambisjonar og difor søkjer den no administrerande direktør, i staden for dagleg leiar. Dei jaktar i desse dagar ein person med relevant erfaring og utdanning som er klar til å ta densolide bedrifta vidare.

– Vi treng nokon som har ein solid base i botn og ein god porsjon stå-på-vilje på toppen, seier styreleiar Jonny Marøy.

– Østerbø Maskin har vist at det går an å skape og vekse på små stader, og den nye direktøren må ha vilje og tru på å fortsetje denne satsinga, seier han.