Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juli 2019
Ytre Sogn 22. juli 2019

Geir Tufte (f.v.), Arild Ullebø, Kaia Katrine Solaas, Einar Rysjedal, Astrid Refsdahl, Norunn Osen og Lars Kjetil Skeie er alle nøgde med å få den første kvinnelege LO-leiaren Gerd-Liv Valla til bygda 1.mai.

Valla blir 1.mai-talar i Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 24. april 2019

Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla blir årets 1.mai-talar i Høyanger.

– Det er ikkje første gong ho har stått på lista over dei vi ønskje som hovudtalar i Høyanger 1.mai. Men av ulike årsaker har det ikkje lete seg gjere – før no, seier Lars Kjetil Skeie, Astrid Refsdahl, Einar Rysjedal, Arild Ullebø, Norunn Osen og Kaia Katrine Solaas i LO i Ytre Sogn.

Og dei er nøgde med at dei no får ho som var første kvinnelege LO-leiaren til bygda på den store dagen.

– Ho var ein markant leiar, først som politikar i Arbeidarpartiet og sidan i fagforeininga. Ho var blant anna ein av drivkreftene bak den nye, raudgrøne regjeringa tilbake i 2005, med ei samla fagrørsle bak seg. Seinare slo ho i bordet då same regjeringa ville røre sjukelønsordninga, seier dei fem LO-medlemmene.

Valla, som kjem frå Hemnes kommune i Nordland, var blant anna statssekretær for Gro Harlem Brundtland og justisministar for Torbjørn Jagland, før ho i 2001 vart valt til den første kvinnelege leiaren i Landsorganisasjonen (LO). Det var ho fram til ho måtte gå av i 2007, etter den mykje omtala Yssen-saka.

Sjølv gler den tidlegare LO-leiaren seg til å kome til Høyanger.

– Sist eg sa ja til å vere hovudtalar der hamna eg på operasjonsbordet, og måtte avlyse besøket. Høyanger er jo ein av stadene mange har lyst til å kome og halde denne talen, på grunn av dei lange sterke tradisjonane ein har med å feire denne viktige dagen. Ja, det er også gjevt å halde 1.mai-tale i dei store byane som Oslo, Bergen og Trondheim. Men det er noko heilt spesielt med å kunne gjere det på ein av desse industristadene, som Årdal, Sauda og Høyanger, der venstresida står sterkt. Så no gler eg meg til å kome dit, seier Gerd-Liv Valla til Ytre Sogn.

Du kan lese meir om 1.mai-feiringa i Høyanger i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord