Geir Inge (21) tok NM-sølv i handbak


Geir Inge Olsen (21) frå Høyanger tok sølv i handbak under NM-veka, som gjekk av stabelen i Stavanger i førre veke.

Den tok han i juniorklassen 80 kilo med venstrearm.

– Dei andre gongene eg har delteke i NM har det enda med bronse. No vart det sølv, og det må eg vere nøgd med, utifrå det høge nivået som er, seier Geir Inge Olsen, som representerer Lærdal når han konkurrerer i handbak.

Tidlegare var det Jølster,som er den andre store handbak-klubben i fylket.

I NM-finalen møtte han Frank Roger Heimdal frå Voss Armsportklubb.

–På førehand visste eg at eg var sterkare enn han. Men han tok meg på fart og teknikk. Så det siste er noko eg må jobbe med vidare, seier Olsen.
Han konkurrerte også i høgrearm, men det gjekk ikkje like bra.

– Høgrearmen er den eg vanlegvis er sterkast i. Men no i NM vart det ein siger og to tap, det siste på albogefeil.

Etter to åtvaringar er det nemleg tap.

- Det er sjølvsagt kjedeleg. Men det er små marginar i denne idretten, seier 21-åringen frå Høyanger.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!