Geir er kåra til Årets Avløysar


Geir Borlaug frå  Lavikdalen (55) er kåra til Årets Avløysar hjå Norske Landbrukstenester (NLT) etter at Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester (YSSL) nominerte han.

Haustsamling og kåring fann stad på Thon Hotel Oslo Airport 1. og 2. november, der 232 delatakarar frå store delar av landet var samla til to dagar med fagleg og sosialt påfyll. Geir Borlaug var ein av 13 dyktige avløysarar som vart heidra med tittelen Årets Avløysar 2017. Under festmiddagen  vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar.

-Når dei i NLT ringte meg og fortalte dette vart eg overraska, og all rosen frå YSSL vert det litt i overkant, seier landbruksvikaren, Geir Borlaug, til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag