Gåvepakker til gjestane


Høyang var i overkant gåvmilde under aluminiumsoppgjeret på kunstgraset i kveld. To tabbar gjorde til at Årdal reiste heim med siger 3-1. Til pause var stillinga 1-1.

Høyang stilte med eit redusert mannskap til heimemøte mot Årdal, og Leif Arne Tveit og trenerteamet hadde difor kalla inn Thomas Frichsen, Edin Agovic og Mads Oppedal Loftesnes til teneste. Sistnemnde fekk dermed sin kamp nummer 150 for Høyang. Jacob Frøyen Bergset og Michael Hansen Våge var ikkje tilgjengelege for heimelaget denne gongen, så spørsmålet ein stilte seg når dei som stod for fem av måla mot Syril ikkje var med, var om dette vart spel mot eitt mål.

Det vart det ikkje, for Høyang spelte jamt med serieleiaren. Ingen av laga klarte å skåre før pause, men i starten av andre omgang sprakk nullen. Kristian Raae Johansen brukte for lang tid før han sette i gang spelet og domar Rolf Kåre Almenning bles frispark til Årdal rett innanfor 16 meter streken. Frisparket gjekk i muren, men returen frå Ole Gunnar Bukve Kjødnes gjekk rett på Johansen, som var uheldig og glapp ballen i mål.  Joakim Sjøthun Måren sørga for ballanse rekneskapen med eit skot via ein forsvarar og i bue over keeper til 1-1.

Truls Hovland var ein trussel gjennom heile kampen, men forsvaret til Høyang gjorde ein kjempejobb fram til det 76. minutt. Då vart ein ball stussa gjennom og Hovland sprang frå alle, passerte Johansen og trilla ballen i det opne målet. Sander Stølen Olsen spelte ein kjempekamp, men sjølv dei beste gjer feil. Ein svak pasning frå Olsen vart snappa opp av Hovland som la på til 3-1 etter 84 minutt.