Gav 150 000 kr til Reodorgarasjen


- Det betyr at vi kan kjøpe laserkuttaren vi har hatt på ønskjelista vår. seier Ståle Walsvik hos Reodorgarasjen i Høyanger til Ytre Sogn.

I samband med Høyanger Næringsutvikling (HNU)sitt næringstreff på Kyrkjebø onsdag denne veka fekk han nemleg overrekt ein sjekk på 150.000 kroner, frå Siv Elisabeth Bjørkehaug i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Denne månaden deler stiftinga til banken ut 3,8 milionar kroner til allmennyttige tiltak, noko som betyr at om lag 29 millionar kroner av overskotet frå banken er gitt tilbake til fylkes så langt i år. Det er to houvdsøknadsrundar i året, og det er søknadane som var innsendt til 1. september som no er handsama. Og Reodorgarasjen i Høyanger er blant dei som får nyte godt av det.

- Den betyr at vi kan utvide tilbodet vårt med ny, spennande teknologi, seier Ståle Walsvik om pengegåva, som er øyremerka laserkuttar.

Saman med 3D-printar har nemleg det stått øvst på ønskjelista deira over utstyr dei gjerne vil ha. Tidlegare i haust fekk dei 75.000 kroner i pengegåve frå Sparebanken Vest, som vil gå til innkjøp av printar. Og med dei 150.000 kronene som Sparebanken Sogn og Fjordane no gir dei, kan dei også byrje å sjå på laserkuttar.

- Den kan brukast til å skjere ulike materiale. I dag har vi berre dei klassiske handtverktøya til å gjere det, som til dømes sag og fil. Så det vert eit stort framsteg for oss å kunne ta i bruk laserkuttar. Kostnadenligg på rundt 150.000 kroner, så vi håpar at både den og 3D-printaren på plass i Reodorgarasjen før jul, seier Walsvik. .

Les meir i fredagsavisa!