Går mot betre tider for verftet i Leirvik


Etter eit år med permitteringar er både leiing og tilsette ved Havyard Ship Technology AS i Leirvik no optimistiske og klare for betre tider.

. Sist veke fekk dei nemleg det første av i alt fem ferjeskrog som dei skal byggja for Fjord1, og desse kontraktane gjer at arbeidarane no kan byrje å komme tilbake på jobb.

– Det har vore tøffe tider, seier Lasse Stokkeland som er dagleg leiar for Havyard Ship Technology AS, og er no positiv for framtida til firmaet og for dei tilsette.
2017 var eit år med lite aktivitet på verftet som gjorde at fleire av dei tilsette måtte permitterast og enno no er ikkje alle tilbake på jobb, men Stokkeland meiner at det berre er eit spørsmål om tid til alle tilsette er tilbake på verftet.

– No kjem det ei ferje til om to månader og endå ei om tre månader, og då forventar vi at alle er tilbake i arbeid, seier Stokkeland då Ytre Sogn besøkte verftet i Leirvik denne veka.

Les meir i fredagsavisa vår!