Går bra, trass i utfordringar


– Sjølv om årsresultatet vise raude tal, er vi ikkje uroa. Vi har godt besøk og mykje å gjere, seier dagleg leiar av Kaffe Telegrafen i Høyanger, Jannike Nessestrand til Ytre Sogn.

Etter at serveringsstaden Kaffe Telegrafen opna dørene sommaren 2016 har eigarane - søstrene Veronika og Jannike Nessestrand - jobba hardt og vore svært medvitne om å ha god kvalitetet på det dei leverer.
– Med ei nystarta bedrift er det ikkje uvanleg - ja det er nesten litt forventa - at tala vil vere raude dei to-tre første åra. Men sjølvsagt er det veldig positivt om dei ikkje er det, seier Jannike Nessestrand, som er dagleg leiar for Kaffe Telegrafen, til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!