Går av som Kjemisk-leiar


Billy Fredagsvik har vore den lengstsitjande hovudtillitsvalde på verket i Høyanger. Men no gir han seg.

Etter mange år i Høyanger og ulike verv i Hydro både lokalt og nasjonalt, lukkar Billy Fredagsvik no døra til Kjemisk-kontoret for siste gong og flyttar tilbake til heimbygda si, på Frøya i Trønderlag.

– Det er fornuftig av meg å gå av med pensjon no, både for meg sjølv og for foreininga. No opnar det seg moglegheiter for nokon andre som kanskje tenkjer litt annleis, fortel Fredagsvik som har siste dagen sin som hovudtillitsvald for Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforeining fredag.

Det har han vore sidan 2002. Og i løpet av alle desse åra har Fredagsvik vore med på både opp- og nedturar.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!