Gangveg blir framleis brukt som bilveg


– Vi kjempa lenge for å få bygd gang- og sykkelvegen på Austreim, slik at mjuke trafikantar skulle ferdast trygt langs hovudvegen. Men det er ikkje alle som tek omsyn til, seier Siv Helen Lillehauge og Therese Søreide.

Enkelte vel nemleg å bruke han som bilveg på strekninga Austreimslia-Hålandsfeltet, på Fv 55 gjennom Austreim.

– Skal ein til dømes frå bustadfeltet i Austreimslia og utover til butikk eller skule, må ein først køyre innover på Austreim, på vegen som går parallelt med hovudvegen, for så å svinge ut på hovudvegen og køyre utover att. For nokre blir det tydelegvis for langt. Det svingar i alle fall rett utover på det som er vegen for dei som går eller syklar, seier Siv Helen Lillehauge og Therese Søreide, som begge bur like i nærleiken, og sjølv har vore vitne til dette fleire gonger.

Les meir i Ytre Sogn fredag!