«Gamle Høyanger»-utstillinga tek form


- Utfordringa har vore å få plass til alle modellane. Men vi har greidd det, seier Pål Thomas Sundhell.

Denne veka var han tilbake i Høyanger for å leggje dei siste planane for utstillinga som no tek form i andre etasje i Høyanger industristadmuseum. Her skal nemleg modellane som Arild Høyvik har laga av «Gamle Høyanger» no ha sin faste plass, og det er Pål Thomas Sundhell - han som i si tid bygde opp utstillinga i museet i Byporten - som har fått i oppdrag å sjå på korleis ein best løyser det.

- Utfordringa har vore plassen. Det har vi imidlertid løyst med å fjerne veggen som delte rommet i to. Så alle tre enkeltmodellane som Arild Høyvik har laga kjem med. Nedst har vi dei gamle sentrumsbygga. Dernest følgjer dei på Sæbøtangen, og heilt øvst kjem etter kvart dei i Villabyen. Dei arbeider han framleis med. Men vi lagar i alle fall klart til dei, seier Sundhell, som har stått bak utstillingar op museum og informasjonssenter over heile landet.

Her i fylket har han blant anna vore med på Villakssenteret i Lærdal og Breheimssenteret i Jostedalen. Sjølv om han no er pensjonist, sa den tidlegare museumsutviklaren frå Bærum ja til å kome tilbake til Høyanger for å hjelpe museet med endringane.

Utstillinga skal etter planen vere ferdig i løpet av desember.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!