Galleri kan stå ferdig neste haust


Først no vågar leiar Reidun Haugnes i Høyanger kunstlag å tru på at Gunnar S-galleriet i Byporten snart blir ein realitet.

– Vi har i alle fall aldri vore så nære som no, etter at kommunestyret sette av midlar til å rehabilitere Byporten i år og neste år, på møtet dei hadde rett før jul. Det er viktig at det blir gjort noko med bygget, innan det er for seint. Så all ære til politikarane for det. Men det er også viktig å fylle det med innhald, og det set eg min lit til at dei følgjer opp, seier kunstlagsleiar Reidun Haugnes til Ytre Sogn.

I meir enn 15 år har ho vore blant dei ivrigaste forkjemparane for at Høyanger skal få eit galleri som ber namnet til Gunnar S. Gundersen, den kjende biletkunstnaren som vaks opp i Marcus Thranesgate i tettstaden. Gleda var difor stor då politikarane på møtet i desember vedtok å bruke 4,0 millionar kroner på å rehabilitere Byporten i 2017 og 2,5 millionar kroner i 2018, samt 2,0 millionar kroner på galleri i austre delen av bygget, også det i 2018. Tidlegare har stram kommuneøkonomi gjort at planane stadig har blitt skyvd fram i tid.

– Men eg håpar ikkje at det skjer igjen, seier Haugnes.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!