Fyrte av siste salva i Østerbø kraftverk


- Den største milepælen til no, seier prosjektleiar Arild Bruland hos SFE Produksjon. Fredag vart den siste salva i Østerbø kraftverk fyrt av.

Etterpå var det markering i kantinebygget på Østerbø. F.v. grunneigar og varaordførar Geir Helge Østerbø, driftsleiar Tommy Dahl hos Skanska som fyrte av siste salva, prosjektleiar Arild Bruland hos SFE Produksjon og prosjektleiar Bjørn Morten Bruvik hos Skanska. (Foto: May Britt Eide)

Salva laga gjennomslag for ein seks kilometer langt tunnel inne i fjellet ved Østerbø, som kjem ut under Nykjevatnet - magasinet der kraftverket vil hente vatn frå.

Etter ei vellukka sprenging var det markering i kantinebygget på Østerbø.

Utbygginga på Høyanger sørside kom i gang våren 2017, og kraftverket skal etter planen opnast til hausten. Den årlege produksjonen vil liggje på 165 GWh, som tilsvarar straum til rundt 8000 husstandar. Totalt kjem utbygginga på 800 millionar kroner.

Det er SFE Produksjon som gjennomfører den, i samarbeid med BKK. Hovudentreprenør er Skanska, som på det meste har hatt 100 personar i arbeid på staden.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

(Film av Vegard Fagerli, SFE Produksjon)